Tørdalssangen

Såg du sola gå opp
over heia i øst,
og den lyste mot skogar og fjell.
Såg du dagen i emning
og ferdig til bruk,
nytt den godt føre dagen blir kveld.

Refreng:
La meg vandre i fjell
og i myrar og skogar,
høre suset frå elv og frå bekk,
kjenne vinden som svalt over viddene sjogar.
Kjære Tørdal, vår bygd som me fekk.

Over jord, over skog
lyder slitet sin song
ifrå spade, frå øks og frå hand.
På den jord som blei rydda,
på hver flekk som blei sådd,
ligger svette frå kvinne og mann.

Ref.: La meg vandre i…

Dei som var her før oss,
og for friheten sloss,
måtte gå på ein farefull vei.
men-hver-strid som blei-kjempa
den vann dei til slutt,
slik at me fekk det betre enn dei.

Ref.: La meg vandre i…

Her står blomen som før
i ei blåklokke-tid,
like vakker i år som i fjor.
Må hver barnehand alltid
få plukke sin blom
og gje glede til liten og stor.

Ref.: La meg vandre i…

Og når snoen den biter,
og snøen den driv,
synest landskapet øde og kalt.
Men eit spor etter ski
i den kvitkledte skog
gjorde bruk av den snøen som, falt.

Ref.: La meg vandre i…

Her er godt å få fred
når eit sinn treng til ro,
her er godt å få synge ein song,
om all sorg og all grede
i livet du får,
for eit liv har du bare ein gong.

Ref.: La meg vandre i…

Tekst, Øyvind Rosland
Melodi, Stein Ove Berg

Foto Rønnomdalsvannet, Øystein Rugtveit

Vist 118 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Hei Øystein,
Finst det også noter til Tørdalssongen?
Helsing, Barbara